Søk om støtte

Forsøksordning for bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus:
For å få ei heilskapeleg handsaming av søknadar om bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus (opprusting, rehabilitering og utvikling), og for å få fleire til også å søkje spelemidlar (desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg), innfører vi i år ei forsøksordning med eigen søknadsfrist av slike søknadar. Ordninga er tildelt ei ramme på 500.000 kroner av gåvemidlane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og vil bli handsama i samarbeid med organisasjonen Huset i Bygda og fylkeskommunen (som òg handsamer spelemiddel-søknadane). Søknadsfristen er 15. april 2018.

Alle søknadar må registrerast på denne søknadsportalen; det er ikkje høve til å sende inn søknad på annan måte. Som hovudregel ber vi om at du gir så fullstendige opplysningar om søkjar og om tiltaket som mogleg.

Budsjett for tiltaket er eit krav. Mangelfulle eller uklare opplysningar kan vere grunnlag for avslag.


Søk om støtte til kulturbygg (du må vere innlogga).